Føremålet med dette reglementet er å klargjere kva rett helseføretaket har til å bruke og eller utnytte forskings- og arbeidsresultat generert av dei tilsette. Innholdet er vedtatt i direktørmøtet i Helse Vest 23.6.2022, og ledergruppen i Helse Stavanger 10.1.2023.
Dette dokumentet skildrar korleis ein i Helse Vest forvaltar immaterielle rettigheiter i føretaksgruppa. Reglementet omtalar personkretsen og kva type arbeidsresultat som er omfatta og gir retningslinjer for den praktiske gjennomføringa ved forvaltning av føretaksgruppa sine immaterielle rettar.
Immaterielle rettar oppstår ved sjølvstendig skapande innsats, det vil seie at helseføretaka ikkje kan generere immaterielle rettar. Det er dei tilsette og andre personar som er tilknytt helseføretaka som på ulike måtar skapar immaterielle rettar og verdiar i eit arbeidsmiljø med rammer frå arbeidsgjevar. Helseføretaka har i ulik grad krav til å få desse rettane overført til seg, ut i frå kva type immateriell rett det gjeld og korleis desse er regulert i lova og i dette reglementet.
Tilsette skal melde inn arbeidsresultat som har samfunnsnyttig potensial eller kan vere aktuell å utnytte kommersielt.
Reglementet gjeld for alle tilsette i alle stillingar, og i alle stillingsbrøkar også for sjølvstendige oppdragstakarar.
Dersom ein tilsett har fleire arbeidsgjevarar, må arbeidsgjevarane verte einige om korleis deira rettigheiter skal delast mellom dei.
I tilfelle der ein tilsett i helseføretaket har andre arbeidsgjevarar, skal den tilsette melde frå om dette, sjå elles føretaket sitt reglement om bierverv.
For tilsette i kombinerte stillingar er utgangspunktet at helseføretaket og bi-arbeidsgjevar deler forholdmessig dvs etter stillingsbrøk når det gjeld både økonomisk ansvar og rett til økonomisk gevinst.
Arbeidsgjevarane bør på førehand vere einige om reglar for eigarskap til resultat ved kombinerte tilsetjingar. Dersom ein ikkje har hatt rettigheitsregulering forut for at resultat oppsto og resultata etter forholda tilhøyrer begge arbeidsgjevarar i fellesskap, skal det skrivast under på avtale mellom partane der vidare kommersialiseringsansvar og eventuell overdraging av rettane til ein av partane mot kompensasjon skal regulerast.
Studentar
Hovudregelen er at alle Resultat, IP, Data og Fysisk materiale som vert generert av gjestestudentar ved helseføretaket, har den enkelte gjestestudent eigedomsrett til, og den enkelte gjestestudent disponerer fritt over resultata. Der er nokre unntak frå hovudregelen for følgjande:
Helseføretaket skal i alle tilfelle ha vederlagsfri brukslisens til Resultatet, IP, Data og Fysisk materiale skapt av gjestestudentane, og kan bruke desse til undervisnings-, forskingsføremål og utvikling av verksemda.
Dersom helseføretaket inngår avtalar med tredjepart om forskingssamarbeid eller forskingsfinansiering, herunder oppdragsverksemd, må tilsette som deltek i slike prosjekt rette seg etter eventuelle føringar for rettigheitsfordelinga som kjem fram i slike avtaler, sjå elles punkt om bierverv.
Med mindre anna er avtalt for det enkelte prosjekt, vil eigedomsretten til resultat som er skapt i oppdrag, tilhøyra oppdragsgivar. Ved oppdragsforsking skal helseføretaket sine rettar til å bruke resultata til forsking, undervisning og publisering spesifiserast i oppdragsavtalen.
Reglementet gjeld resultata som har samanheng med arbeidstakaren sitt tilsetjingsforhold til helseføretaket.
I helseføretaka er utgangspunkt at det er dei tilsette og andre personar tilknytt helseføretaket som skaper forskings- og arbeidsresultat, og at helseføretaket i ulik grad vil ha krav på å få eigarskapsrettigheiter til slike resultat. Dette vil avhenge av kva type immaterielle verdiar det gjeld, og korleis dette er regulert. Nedanfor gir vi ei meir detaljert skildring av handteringa av rettigheiter til dei ulike resultata som vert skapt ved helseføretaket.
Patenterbare oppfinningar er ei konkret løysing på eit teknisk problem som er ny samanlikna med kva som var kjent før patentsøknaden vart levert inn, og som dessutan skil seg vesentleg frå dette (har oppfinningshøgde), jf. patentlova.
Lova om arbeidstakaroppfinningar, jfr § 4 seier at arbeidsgjevar kan krevje retten til ei oppfinning som arbeidstakar har gjort i samband med tilsettinga, anten oppfinninga skjer i samband med forsking eller andre høve i samband med tilsettinga i verksemda. I tilfelle arbeidsgjevar ønskjer å nytte denne retten gjeld frist for å inngå slik avtale, sjå lova § 4, 2. ledd,
Tilsette som vurderer at dei har patenterbare oppfinningar skal «uten unødig opphold» melde oppfinninga til forskningsdirektør (forskning@sus.no), med kopi til aktuell nivå 2 leder. Helseføretaket melder oppfinninga vidare til verksemda sin TTO (Validé AS).
Etter at ideen er meldt vidare til Validé AS, skal den tilsette få tilbakemelding så snart som mogleg, og ikkje seinare enn ein (1) månad etter innmeldinga. Tilbakemeldinga skal gje ei foreløpig avklaring på vidare prosess.
Dersom arbeidsgjevar i samsvar med lova gjer gjeldande retten til ei oppfinning, må arbeidstakar medverke til overdraginga ved å skrive under på ein avtale og/eller ei erklæring.
Etter at patentsøknad er innlevert står arbeidstakaren fritt til å offentleggjere oppfinninga, for eksempel som føredrag eller som del av faglitterær publikasjon.
Arbeidsgjevar kan heilt eller delvis krevje rettigheiter til slike immaterielle rettar. Meldeplikt i form av DOFI gjeld også ikkje‐patenterbare oppfinningar. Vidare prosess som skildra ovanfor vil også gjelde for ikkje-patenterbare oppfinningar. Spørsmålet knytt til overtaking av eigarskap til slike resultat og på kva måte desse skal forvaltast, må vurderast og avklarast nærare i det enkelte tilfelle.
Den som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til verket, og skal nemnast som opphavar, jfr åndsverkloven § 2.
Helseføretaket har etter arbeidsavtalen og etter dette reglementet rett til å disponere over retten til å utnytte åndsverk, databaser, ”katalogar” og datamaskinprogrammer som er skapt av tilsette under utføringa av oppgåver for helseføretaket eller etter instruks frå helseføretaket eller på anna måte spring ut av tilsetting, tilknyting til eller opphald ved helseføretaket.
Helseføretaket har rett til datamaskinprogram som er utarbeidd av den tilsette, gjennom oppgåvene som er omfatta av arbeidsforholdet eller etter helseføretaket sine instruksar, jf. åndsverklova § 71. Dataprogram som har eit kommersielt og/eller samfunnsnyttig potensial eller har tilknyting til ei oppfinning eller anna teknisk løysing, produkt eller framgangsmåte, skal meldast til helseføretaket ved bruk av DOFI.
Dersom dataprogrammet er ei oppfinning som kan patenterast er det vesentleg at ikkje noko av løysinga eller programmet blir offentleggjort før patentsøknad er innsendt og registrert, då offentleggjering øydelegg moglegheita for patentering.
Dersom helseføretaket overtek rettigheiter til oppfinning eller know‐how som vert implementert ved hjelp av dataprogram, skal også opphavsretten til dataprogrammet (kjeldekoden) gå over til helseføretaket, i den utstrekning det er nødvendig for utnytting av oppfinninga eller know‐how. Slik overgang er ikkje til hinder for at helseføretaket, i samråd med opphavar, vel å offentleggjere kjeldekoden etter at ein patentsøknad er innlevert.
Helseføretaket har rettigheitene til katalogar og databasar som er blitt til ved at helseføretaket har gjort ei vesentleg investering, jfr. åndsverklova §24. Dette inneber einerett til bruk i form av kopiering, arkivering, endring, offentleggjering eller kommersialisering. Utøving av eineretten skal ikkje komme i konflikt med prinsippet om akademisk fridom eller vere til hinder for at katalogar og databasar kan gjerast offentleg tilgjengelege eller på annan måte stillast til rådigheit for forskingsføremål.
For andre katalogar og databasar tilhøyrer eineretten den tilsette som utarbeidde desse, med mindre:
Databasar kan vere bygd opp på ein slik måte at tredjepart kan ha rettigheiter til delelement av innhaldet i databasen. For at helseføretaket skal kunne gjere bruk av databasen for næringsmessige føremål er det viktig at helseføretaket sikrar seg rettigheitene til bruk av slike delelement gjennom avtalar med dei tilsette og eventuelle eksterne tredjepartar.
Ein tilsett som ser eit kommersielt potensial i en database, som sjølv vurderer kommersiell utnytting av ein database, eller som har tatt skritt til slik kommersialisering, skal melde dette til arbeidsgivar. I dei tilfella der helseføretaket ikkje ønskjer å søke næringsmessig utnytting av ein database, vil helseføretaket vurdere å gje andre rett til å gjere dette.
Rettigheiter til fysiske gjenstandar og materiale skil seg frå dei andre rettigheitene det er tale om ettersom det er tale om eigedomsrett til eit materielt produkt. Fysiske gjenstandar og materiale som er blitt til, eller er resultat av, arbeid som er utførd i verksemdene i helseføretaket er arbeidsgjevars eigedom så langt dette ikkje kjem i konflikt med tredjepart sine rettigheiter.
Ein tilsett som vurderer kommersiell utnytting av fysiske gjenstandar eller har tatt skritt mot slik kommersialisering, skal melde dette til helseføretaket (DOFI).
Helseføretaka har eigne reglar som gjeld utlevering av fysisk materiale.
Helseføretaket har alle rettigheiter til administrative arbeid som utgreiingar, høyringsuttaler og anna.
Den tilsette har meldeplikt til arbeidsgjevar i alle tilfelle der arbeidsresultatet utgjer eller kan brukast i ei oppfinning, eller der eit arbeidsresultat har eit kommersielt og samfunnsnyttig potensial. Dette kan være arbeidsresultat i form av (ikke uttømmende):
Melding skjer i form av innlevering av ein DOFI – Disclosure of Invention (se Kommersiell utnyttelse av arbeids- og forskningsresultater, reglement). DOFI-skjema vert fylt ut av den tilsette og skal sendast til forskningsdirektør (forskning@sus.no), med kopi til aktuell nivå 2 leder. DOFI-skjema skal nemne alle personar som har ytt eit sjølvstendig og individuelt intellektuelt bidrag til i oppfinninga og skal signerast av alle oppfinnarane.
Dersom ei oppfinning har blitt til ved samarbeid med personar som ikkje er tilsett ved helseføretaket, skal det utarbeidast avtale som viser innsatsfordelinga til kvar oppfinnar i prosent. I dei tilfella helseføretaket finn det føremålsteneleg skal DOFI-skjema sendast over til Validé AS.
Helseføretaka har samarbeid med kommersialiseringseiningane, dei såkalla TTOane som eit verktøy for forvaltning av eigarane sine Immaterielle rettar og Immaterielle verdiar, og er helseføretaket sitt støtteapparat for kommersialisering av idear og forskingsresultat som helseføretaka etter lov, dette reglementet eller avtale har eigedomsrett til. Dei aktuelle kommersialiseringseiningane skal på profesjonell måte vurdere det kommersielle grunnlag for alle idear, derunder også prosjekt og arbeidsresultat, og oppfinningar som vert meldt inn.
Ved forvaltning av helseføretaka sine Immaterielle rettar og Immaterielle verdiar er det kommersialiseringseiningane sitt ansvar å sørge for at avtalar er i tråd med helseføretaka sitt samfunnsansvar og for ei bærekraftig utvikling. Leveransane frå kommersialiseringseiningane til helseføretak og helseføretaka sine tilsette skal vere regulert gjennom avtale.
I dei tilfella DOFI vert sendt frå helseføretaket til kommersialiseringseininga, skal denne gjennomføre ei grundig vurdering av det kommersielle potensial til ideen, og innan 3 (tre) månader gi helseføretaket eit råd om helseføretaket bør overta kommersielle rettigheiter. Denne fristen er sett slik at helseføretaket skal kunne gje den tilsette tilbakemelding innan 4 månader. Fristen går frå tidspunktet helseføretaket stadfester å ha motteke ferdig utfylt DOFI-skjema.
TTO og idehavar skal ha tett dialog gjennom evalueringsfasen. Dersom DOFI manglar informasjon eller dersom det grunna tilhøve på idehavar si side ikkje har vore tilstrekkeleg kontakt mellom kommersialiseringsaktør og idehavar, vil fristen kunne stoppast eller startast på nytt når tilstrekkeleg grunnlag for vurdering av ideen ligg føre.
Etter at kommersialiseringsaktør har sendt si tilråding til helseføretaket, skal helseføretaket avgjere om ein ønskjer å overta kommersielle rettigheiter til oppfinninga. Der helseføretaket overtek slike rettar skal det inngås avtale mellom idehavar, helseføretak og den aktuelle kommersialiseringseininga.
I helseføretaka, ønskjer vi at resultat frå forsking skal gjerast allment tilgjengeleg og at arbeidsresultat skal nyttast til beste for samfunnet.
I helseføretaka skal alle som har forskingsoppgåver, og som har komen fram til resultat som kan patenterast, jf. arbeidstakaroppfinningslova § 6 tredje ledd, stå fritt til å velje publisering framfor patentering. Føresetnaden er at forskaren/forskarane gir melding om dette til arbeidsgjevar, og ut over dette følgjer reglane for slik publisering i arbeidstakaroppfinningslova. Samstundes er det viktig at forskarar og støtteapparatet ved helseføretaka er merksame på dette når ein inngår avtalar med eksterne partar, f.eks. i samband med utviklingsarbeid/oppdrag/kliniske forsøk, slik at retten til publisering ikkje vert lagt band på i avtale mellom partane.
Arbeidstakeroppfinnelseslova, dette reglementet og arbeidsavtalane med dei tilsette i Helse Stavanger HF gir grunnlag for at arbeidsgjevar kan overdra rett til resultat som er skapt som del av tilsettingsforholdet.
Arbeidsgjevarane bør på førehand vere einige om reglar for eigarskap til resultat ved kombinerte tilsetjingar. Dersom ein ikkje har hatt rettigheitsregulering forut for at resultat oppsto og resultata etter forholda tilhøyrer begge arbeidsgjevarar i fellesskap, skal det skrivast under på avtale mellom partane der vidare kommersialiseringsansvar og eventuell overdraging av rettane til ein av partane mot kompensasjon skal regulerast. For tilsette i kombinerte stillingar er utgangspunktet at helseføretaket og bi-arbeidsgjevar deler i samsvar til faktisk innsats og eigarskap i prosjektet, og at denne fordelinga gjeld både økonomisk ansvar og rett til økonomisk gevinst.
Den tilsette har rett til ein rimeleg del av nettoinntekta frå ei kommersialisering. Sal av bruks- og/eller eigedomsrett til immaterielle rettar og immaterielle verdiar skal skje til marknadsspris. Inntekt ved kommersialisering skal som hovudprinsipp delast etter tredelingsmodellen, der oppfinnar, det aktuelle fagmiljø og Helse Stavanger HF får tildelt 1/3 kvar. Inntekter fordelt til fagmiljø og det aktuelle helseføretaket skal brukast til å styrke forsking-, tenesteutvikling-, og innovasjonsaktiviteter. TTO forvalter i utgangspunktet Helse Stavanger HF sin andel.
Fordelinga av inntekt frå eit prosjekt skjer etter fråtrekk for eventuelle direkte kostnader helseføretaket og eller kommersialiseringsaktøren har hatt i samband med sikring av rettigheiter og kommersialisering, heretter nemnd som nettoinntekt.
I einskilde tilfelle kan det inngås avtale om anna fordeling av inntekter, til dømes i tilfelle der rettigheiter vert overdradd til eit anna rettssubjekt og arbeidstakaren får utbetalt ein avtalt kompensasjon på andre måtar.
Den tilsette har krav på innsyn i grunnlaget for berekninga av godtgjeringa.
Dersom den tilsette forsømmer plikta til å gi melding om arbeidsresultat til helseføretaket, og i staden utnyttar arbeidsresultatet sjølv eller gjennom andre, skal helseføretaket ha rett til 2/3 av dei nettoinntekter som direkte eller indirekte vert skapt gjennom kommersiell utnytting av arbeidsresultatet.
I dei tilfella kor helseføretaket, etter å ha fått overdratt ei oppfinning eller anna arbeidsresultat, enten etter kontrakt eller etter lov, ikkje vil patentere eller på anna måte kommersialisere, eller ikkje finn kommersielt grunnlag for å føre eit prosjekt vidare, skal rettigheitene førast tilbake til den tilsette innan rimeleg tid. Melding om tilbakeføringa skal vere skriftleg.
I slike tilfelle kan det inngås avtale som skal regulere forholdet. Helseføretaket som fører tilbake rettane kan sikre seg ein vederlagsfri rett til å bruke oppfinninga eller arbeidsresultatet til interne føremål, i tillegg til rett til å vidarelisensiere slik bruksrett til andre ikkje-kommersielle samarbeidspartar.
Den tilsette har likevel ei plikt overfor helseføretaket å etterleve alle plikter som helseføretaket måtte ha overfor ekstern tredjepart som har finansiert prosjektet eller forskinga som leidde til oppfinninga.
Dersom den tilsette ikkje ønsker å overta rettigheitene kan helseføretaket uansett avgjere å gi opp rettane, med den verknad at helseføretaket si plikt til å arbeide for kommersialisering av arbeidsresultata vert avslutta.
Usemje om rettigheiter eller fordeling av inntekt
Dersom det oppstår tvil eller usemje mellom en tilsett og helseføretaket om eigedomsrett til arbeidsresultat eller om fordeling av nettoinntekter frå kommersialisering av forskingsresultat, skal saka meldast inn til forskningsdirektør, med kopi til nivå 2 leder. I slike tilfelle skal alle interessentar få høve til å gjere greie for sitt syn på saka og på denne bakgrunn søke å komme fram til ei minneleg løysing.
Forhold som handlar om arbeidstakeroppfinnelsesloven kan, dersom saka ikkje vert løyst mellom partane, takast vidare til Meklingsnemnda for arbeidstakeroppfinnelser.
I alle tilfelle vil tvistar om rettigheter og inntektsfordeling også kunne bringes inn for domstolane.
Ansvarsforhold er beskrevet i regelverket. Forskningsdirektør har ansvar for vedlikehold av reglementet.
Avvik fra reglementet godkjennes av forskningsdirektør, og arkiveres i elements på den aktuelle saken.