Skriv ut
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
(opplæringslova).
|
Oversikt Hele loven Første Forrige Neste
Kapittel 5.
Spesialundervisning
Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter
res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 5-1. Rett til spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av
det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg
leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha
eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg
utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei
opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får
spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som
gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.
§ 5-2. (Oppheva med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter
res. 26 apr 2002 nr. 414).)
§ 5-3. Sakkunnig vurdering
Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter
§ 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje
føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga
skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for
opplæringstilbod som bør givast.
Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til
-
|
eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
|
-
|
lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er
viktige for opplæringa
|
-
|
realistiske opplæringsmål for eleven
|
-
|
om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det
ordinære opplæringstilbodet
|
-
|
kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.
|
Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.
Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige
vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen
eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som
oppfyller retten etter § 5-1 eller § 5-7.
Endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res.
20 juni 2008 nr. 621).
§ 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om
spesialundervisning
Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar
som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og
eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere
om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike
behov er til stades.
Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å
setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven
eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane
om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til
eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige
vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.
Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid
med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira
syn.
§ 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa
Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne
lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får
spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan.
Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal
drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den
individuelle opplæringsplanen.
Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa
eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender
oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til
kommunen eller fylkeskommunen.
Endra med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res.
27 juni 2003 nr. 774).
§ 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste
Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk
teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast
i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.
Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og
organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar
med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at
det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan
gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.
§ 5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for
spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte
tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar,
sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som
eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta
eller av ein annan sakkunnig instans.
For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. §
5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.
§ 5-8. Helsetenestetilbod
Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for
elevar som får spesialundervisning.
§ 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel
Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre
læremiddel for spesialundervisning.
Første Forrige Neste
Databasen sist oppdatert 3. mars 2011
|