Kvalitetshåndbok Kvinneklinikken SUS ©
Doppler i arteria umbilicalis er vist å ha gunstig effekt som ledd i overvaking av risikosvangerskap. Pulsatil Index (PI) i arteria umbilicalis er ein indikator på om karsenga i placenta er tilstrekkeleg for å dekke fosteret sine behov.
Indikasjonar for Doppler av arteria umbilicalis
1. Vekstretardasjon < 14% Vekstavvik- intrauterint
2. Preeklampsi Hypertensive svangerskapskomplikasjoner
3. Fleirlingar Flerlinger
4. Oligo- og polyhydrammnion
5. Systemisk Lupus Erythromatosus
6. Antifosfolipidsyndrom Tromboseprofylakse og behandling hos gravide
7. Immunisering Immunisering / Blodtypeserologi i svangerskap
Undersøkelsesteknikk
1. Karet skal fremstillast i lengdesnitt.
2. Prøv å holde vinkelen mellom karet og Dopplerlinja under 30 grader. Ved vinkel mellom 10 og 30 grader kan ein vinkelkorrigere viss ein ynskjer.
3. Bruk 5 mm sample volum og mål sentralt i karet.
4. Bruk update heller enn simult til å skifte mellom farge- og pulsa Doppler.
5. I pulsdopplerbildet skal speed justerast opp til du har 3-5 kompleks i kvart bilde, vanlegvis speed 5.
6. Baselinja skal skruast heilt ned og så eit hakk opp.
7. PRF (scale) justerast slik at kompleksa fyller bildet men med toppen av kompleksa fri.
8. Bruk autotrace til å legge kurva over signalet og les av PI oppe til høgre i bildet (Figur 1)
Figur 1: Arteria umbilicalis fremstilt ved fargedoppler og målt med pulsa Doppler.
Tolking
Bruk tabell 1 og figur 3 til å klassifisere blodstraumen. Sjå også figur 2. Ved blodstraumsklasse 0 oppfølging etter grad av vekstretardasjon Vekstavvik- intrauterint
1. Blodstraumsklasse 1 – kontroll om to veker
2. Blodstraumsklasse 2 – kontroll kvar veke. Val av forløysingsmetode bør diskuterast med erfaren obstetrikar.
a. Gje celeston for lungemodning viss svangerskapet er kortare enn 34 veker
b. Ikkje forløys berre på grunn av høg PI i arteria umbilicalis. Vurder også
i. Vekst
ii. Preeklampsi
iii. Fostervatn
iv. CTG med korttidsvariabilitet
v. PI i arteria cerebri media og ductus venosus
3. Blodstraumsklasse 3
a. Før 30 veker – ein bør prøve å strekke svangerskapet lenger. Overvak med:
i. Doppler i arteria cerebri media Doppler arteria cerebri media
ii. Doppler i ductus venosus Doppler ductus venosus.
iii. CTG med korttidsvariabilitet
iv. Ultralydvurdering av fostervatn og fosterrørsle.
b. Etter veke 30 anbefaler vi forløysing ved blodstraumsklasse 3. Vent på effekt av Celeston viss normal ductus venosus og normal korttidsvariabilitet. Forløysing vil vanlegvis vere ved sectio.
Blodstraumsklasse |
Pulsatil Index (PI) og endediastolisk blodstrøm |
|
0 |
Bevart endediastolisk blodstraum og PI mindre enn to standardavvik over gjennomsnittet
|
|
1 |
Bevart endediastolisk blodstraum og PI mellom to og tre standardavvik over gjennomsnittet
|
|
2 |
Bevart endediastolisk blodstraum og PI mer enn tre standardavvik over gjennomsnittet
|
|
3 |
Oppheva eller reversert endediastolisk blodstraum (Absent or reversed end diastolic blood flow, ARED) |
3A: Oppheva endediastolisk blodstraum
|
3B: Reversert endediastolisk blodstraum
|
Tabell 1: Blodstraumsklasser etter PI og endediastolisk blodstraum
Figur 2: Frå venstre mot høgre: Blodstraumsklasse 0, blodstraumsklasse 2, blodstraumsklasse 3A og blodstraumsklasse 3B
Figur 3: Gjennomsnitt samt +2 og +3 standardavvik (SD) for Pulsatil Index i arteria umbilicalis ved ulike gestasjonsaldrar. Referanse nr 3.
Referanser
1. Alfirevic Z et al. Cochrane database of systematic reviews 2010
2. Laurin et al Obstet Gynecol 1987; 69:895–902.
3. Acharya et al, Am J Obstet Gynecol, 2005; 192; 937-44
Forfatter: |
Torbjørn Moe Eggebø |
---|---|
Godkjent av: |
Astrid Louise Betten Rygh (Avd.overlege) |
Dokumentadministrator: | Ragnar Kvie Sande (Seksjonsoverlege) |
Dokument-ID: | 12516 |
Gyldig fra: | 08.12.2019 |
Revisjonsfrist: | 07.12.2020 |
Eg har sett inn rett kurve; dette er den same som vi har lagt inn i Natus.