Abortnemd, prosedyre ved henvisning fra Haugesund sykehus v. 1.0, 10.06.2020

Prosedyre Kvinneklinikken SUS ©

Ny prosedyre

 

1.           Hensikt: 

Det er vedteke å redusere talet på abortnemnder i Norge for å betre sakshandsaminga. Helse Vest har lagt ned abortnemndene i Førde og Haugesund. Kvinner som høyrer til i Helse Fonna får nå saka behandla av abortnemnda ved Kvinneklinikken, SUS.

 

2.           Ansvar:

1)   Legen som har avvist abort over 12 veker, tilviser kvinna til abortnemnda ved Kvinneklinikken SUS per telefon, ikkje i DIPS. Legen har plikt til å hjelpe kvinna med ei skriftleg grunngjeving, evt. ein sosionomrapport. Husk gyldig identifikasjon.

2)   Legen ringer til gynekologisk poliklinikk KK SUS (51519410), melder saka og ein avtalar tid for nemnd. Nemnda har tilgjenge til abortjournalen i NATUS/Helse Fonna.

-          Tilvisande lege og kvinna finn den beste måten å halde nemnda på, og informerer gynekologisk poliklinikk, KK SUS.

3)   Tid avsett for nemnd ved KK SUS (i spesielle saker kan ein avtale ei anna tid):

Tirsdager       14.30-16.00

Torsdager      14.30-16.00

 

Gjennomføring av nemnda

1.    Kvinna møter i nemnda.

Kvinna møter ved Gynekologisk poliklinikk, KK SUS i Stavanger. (Reisa blir evt. dekt av Pasientreiser)

 

2.    Kvinna møter ikkje i nemnda.

Ho har møterett, men ikkje møteplikt. Saka vert behandla ut frå dokumentasjonen som ligg føre. Grunngjevinga må være tydeleg i notat i NATUS eller i anna skriftleg dokumentasjon.

 

3.    Nemndmøte over telefon.

Ynskje om nemndmøte over telefon må stå tydeleg i Notat i NATUS.

Kvinna må kunne snakke norsk eller engelsk. Telefonnummer til kvinna må stå i tilvisinga. Nemnda ringer kvinna.

 

4.    Nemndmøte som videomøte.

Kvinna må kunne snakke norsk eller engelsk.

Ved Haugesund Sjukehus legg sjukepleiar ved gynekologisk avdeling til rette for videokonferansen, telefon 52732390. Nemndmøtet må kunne skje uforstyrra. Sjukepleiar er tilstades under møtet.

 

Opplysing om avgjerda i abortnemnda

Kvinna har rett på ei skriftleg avgjerd frå nemnda. Ein kan nytte offentleg digital post.

Munnleg informasjon: Nemnda ringer og informerer kvinna, og evt. legen ved Haugesund sjukehus, slik at avbruddet kan skje uten ekstra reise eller forsinking.

Videokonferanse eller telefonmøte: Nemnda bør avgjere saka rett etter møtet og informere kvinna direkte etterpå.

Om saka ikkje vert innvilga av nemnda informerer nemndleder kvinna muntleg og skriftleg om avgjerda, og om automatisk anke. 

 

Kontaktpersonar Haugesund sjukehus:

-          Vakthavande overlege gynekologisk avdeling Haugesund Sjukehus 52732000

-          Sjukepleiar ved gynekologisk avdeling telefon 52732390.

 

Gjennnomføring av videomøtet

-          Sjukepleiar i Haugesund og medlem av nemnda startar videomøtet.

-          Kvinna må bruke det tilrettelagde utstyret, og ikkje eigen pc.

-          Rommet skal være skjerma og eigna for møtet.

-          Videosamtalen skal ikkje lagrast.

-          Skjermen skal ikkje delast, videokonsultasjonen skal kun være tilgjengeleg for kvinna og abortnemnda.

-          Det skal være helsepersonell tilstades under heile videokonferansen ved Haugesund sjukehus.

-          Ansvarlege for løysinga er seksjonsoverlegen ved Gynekologisk avdeling, Haugesund sjukehus og avdelingsoverlegen ved KK SUS.

6.     Avvik

                Meldes i Synergi.

7.     Referanser:

https://www.helsedirektoratet.no/horinger/veileder-til-forskrift-om-svangerskapsavbrudd (planlagd godkjenning nov.2019)