Doppler arteria cerebri media v. 1.0

Dopplerundersøkingar av føtal arteria cerebri media (ACM) kan gje viktig informasjon ved to viktige problemstillingar:

1.    Ved mistanke om føtal anemi Immunisering / Blodtypeserologi i svangerskap. Fordi blodet har lågare viskositet ved anemi, vil ein finne auka blodstraumsfart (peak systolic velocity, PSV) i arteria cerebri media hos foster med anemi.

2.    Ved mistanke om intrauterin vekstretardasjon Vekstavvik- intrauterint . Når fosteret får for lite næring og oksygen, vil det prioritere hjerne, hjerte og binyrer, sentralisering. Ein vil då finne låg pulsatil index (PI) i arteria cerebri media som uttrykk for låg karmotstand.

Indikasjonar

  1. Ved mistanke om anemi på grunn av immunisering, virusinfeksjon, føtomaternell transfusjon eller tvilling-tvilling transfusjon.
  2. Rutinemessig kvar 14. dag hos monochoriale tvillingar etter veke 28 Flerlinger.
  3. Utgreiing av vekstretarderte foster med endringar i arteria umbilicalis Doppler arteria umbilicalis før veke 32 og vekstretardetre foster utan endringar i arteria umbilicalis etter veke 32. Vekstavvik- intrauterint

 

 

Undersøkingsteknikk

 

  1. Start med eit BPD-snitt og gå nokre millimeter lengre ned mot skallebasis.
  2. Bruk fargedoppler til å framstille Willis sirkel og avgangen av ACM.
  3. Karet skal framstillast i lengdesnitt med aksen i mindre enn ti graders vinkel i forhold til Dopplerlinja. Ein kan vinkelkorrigere for å kontrollere at vinkelen er under ti grader.
  4. Bruk 3 mm sample volum og mål på dei fyrste 2 millimeterane etter avgangen frå Willis sirkel.
  5. Bruk update heller enn simult til å skifte mellom farge- og pulsa Doppler.
  6. I pulsdopplerbildet skal speed justerast opp til du har 3-5 kompleks i kvart bilde, vanlegvis speed 5.
  7. Baselinja skal skruast heilt ned og så eit hakk opp.
  8. PRF (scale) justerast slik at kompleksa fyller bildet men med toppen av kompleksa fri.
  9. Bruk autotrace til å legge kurven over signalet og les av PI og PSV oppe til høgre i bildet (Figur 1)

 

 

Figur 1: Arteria cerebri media framstilt ved fargedoppler og målt med pulsa Doppler.

 

Tolking

1.    Føtal anemi.

a.   Ta minst tre målingar og bruk gjennomsnittsverdien for PSV.

b.   Viss verdien er under 1,50 MOM for alder er det liten risiko for alvorleg anemi (Tabell 1).

c.    Viss verdien er over 1,55 MOM må ein mistenke føtal anemi. I slike tilfelle må fosteret henvisast nasjonalt senter for fostermedisin og vurderast med tanke på intrauterin transfusjon.

2.    Vekstretardert foster.

a.   Ta mist tre målingar og bruk gjennomsnittsverdien for PI.

b.   Sett inn gestasjonsalder avrunda til nærmaste heile veke etter «Or use another week» i Doppler referanseverdiar (© Ebbing et Kiserud 2014) (Ikke tilgjengelig) og les av percentilar.

c.    Viss målinga er under 2,5% må ein mistenke at fosteret sentraliserer. På grunn av hyppig forekomande falsk positivt funn ved aktivt foster, skal denne målinga ikkje tilleggast vekt hos foster som ikkje er vekstretarderte.

d.   Ein kan auke spesifisiteten til undersøkinga ved å rekne ut cerebroplacentær ratio. Ein deler då PI i ACM på PI i arteria umbilicalis. Doppler arteria umbilicalis Denne brøken skal vere over 1 ved alle gestasjonsaldrar. Dersom den er under 1 er dette eit alvorleg teikn og ein må vurdere forløysing viss fosteret er under 20 % i vekt og over 32 veker gestasjonslengde.

e.   Ved tidleg vekstretardasjon (før veke 32) er endringar i ACM ledd i ein etablert sekvens av Dopplerendringar, etter arteria umbilicalis Doppler arteria umbilicalis men før endringar i ductus venosus. Doppler ductus venosus Etter veke 32 kan endringar i ACM vere einaste teikn på hypoksi hos eit vekstretardert foster. Vekstavvik- intrauterint

 

Gestasjonsalder

(Veker)

Multiplikat av medianen (MOM)

1,00

1,29

1,50

1,55

18

23,2

29,9

34,8

36,0

20

25,5

32,8

38,2

39,5

22

27,9

36,0

41,9

43,3

24

30,7

39,5

46,0

47,5

26

33,6

43,3

50,4

52,1

28

36,9

47,6

55,4

57,2

30

40,5

52,2

60,7

62,8

32

44,4

57,3

66,6

68,9

34

48,7

62,9

73,1

75,6

36

53,5

69,0

80,2

82,9

38

58,7

75,7

88,0

91,0

 

Tabell 1: Maksimal blodfart i ACM i cm/s ved ulike gestasjonsaldrar. Etter Mari et al 2000.

 

Referanser

1.    Mari G, Deter RL. Am J Obstet Gynecol.1992;166:1262-70

2.    Prior T et al. American Journal of Obstetrics and Gynecology 2013;208:124 e1- e6

3.    Hecher K et al. Ultrasound in obstetrics and gynecology 2001;18:564-70

4.    Mari G et al. N Engl J Med. 2000 Jan 6;342(1):9-14.

5.    Ebbing Cet al. Ultrasound Obstet Gynecol. 2007 Sep;30(3):287-96.