Doppler ductus venosus v. 1.0

Dopplerundersøkingar av føtal ductus venosus (DV) kan gje viktig informasjon ved to viktige problemstillingar:

  1. Ved mistanke om hjertefeil. Særleg i fyrste trimester kan Doppler i ductus venosus vere eit supplement til morfologisk vurdering av hjertet når ein gjer prenataldiagnostikk Fosteravvik.
  2. Ved mistanke om intrauterin vekstretardasjon. Vekstavvik- intrauterint Når fosteret får for lite oksygen vil hjertet akkumulere laktat, som fører til nedsett elastisitet i hjertet og auka Pulsatil Index (PI) i ductus venosus.

 

Indikasjonar

  1. Ved mistanke om hjertefeil ved 1. trimester prenataldiagnostisk ultralyd i veke 12, enten på grunn av hjertemorfologi eller auka nakkefold Fosteravvik.
  2. Utgreiing av vekstretarderte foster med oppheva eller reversert endediastolisk blodstraum i arteria umbilicalis Doppler arteria umbilicalis.

 

Undersøkingsteknikk

Ductus venosus går, i blodstraumen si retning:

1.    Frå distalt til proksimalt

2.    Bakfrå og framover

3.    Frå høgre mot venstre

Karet kan framstillast i to plan (Figur 1):

1.    Eit skrått sagittalsnitt over venstre skulder, alternativt frå høgre lyske.

2.    Eit skrått transversalsnitt frå nedre venstre lungelapp, alternativt frå nedre kant av lever.

 

Figur 1: Ductus venosus kan framstillast i to plan, frå fire ulike insonasjonsvinklar.

 

1.    Karet skal framstillast i lengdesnitt.

2.    Ductus venosus har eit bua forløp, og ein skal ikkje vinkelkorrigere, då vil ein overvurdere blodfarten.

3.    Bruk 3 mm sample volum og mål på dei fyrste 2 millimeterane etter avgangen frå navlevenen. Måling for nær hjertet vil gje for høg PI.

4.    Bruk update heller enn simult til å skifte mellom farge- og pulsa Doppler.

5.    I pulsdopplerbildet skal speed justerast opp til du har 3-5 kompleks i kvart bilde, vanlegvis speed 5.

6.    Baselinja skal skruast heilt ned og så eit hakk opp.

7.    PRF (scale) justerast slik at kompleksa fyller bildet men med toppen av kompleksa fri.

8.    Bruk autotrace til å legge kurven over signalet og les av PI og maksimal blodfart (PSV) oppe til høgre i bildet (Figur 2)

 

Figur 2: Ductus venosus har ei typisk dobbeltpukla Dopplerkurve. S = passiv fylling av høgre atrium i systole, D = passiv fylling av høgre ventrikkel i diastole, A = kontraksjon av høgre atrium.

 

Tolking

1.    Mistanke om hjertefeil i fyrste trimester.

a.   Funn av tydeleg reversert a-bølgje gjev mistanke om hjertefeil.

b.   Må vurderast saman med andre funn når ein tek avgjerd om invasiv fosterdiagnostikk.

2.    Vekstretardert foster.

a.   Ta mist tre målingar og bruk gjennomsnittsverdien for PI og PSV.

b.   Sett inn gestasjonsalder avrunda til nærmaste heile veke etter «Or use another week» i Doppler referanseverdiar (© Ebbing et Kiserud 2014) (Ikke tilgjengelig) og les av percentilar.

c.    Viss PI er over 97,5% må ein mistenke påverknad av hjertet, og kontrollere igjen ila 1-2 døgn.

d.   Ved utvikling av reversert a-bølgje i ductus venosus hos eit vekstretardert foster vil snarleg forløysing vere tilrådeleg.

 

Referanser

1.    Kiserud T et al. Ultrasound Obstet. Gynecol. 1994;4:109-114

2.    Mathias A et al. Ultrasound Obstet. Gynecol. 1998;12:380–384