Zikavirus
Zikavirus v. 1.0

Prosedyre Kvinneklinikken SUS ©

Bakgrunn: Zikavirus er eit flavivirus som vert overført av mygg, og kan  gå over til fosteret i alle trimester. Det er etablert ein assosiasjon mellom maternell Zikavirusinfeksjon og føtal mikrocefali (1).Viruset er utbreidd i:

1.   Mexico

2.   Karibien og Mellom-Amerika

3.   Sør-Amerika med unntak av Peru, Chile, Argentina og Uruguay

4.   Stillehavsøyene Samoa, Kosrae, Marshalløyene, Ny Kaledonia, Fiji og Tonga

 

Diagnose: Inkubasjonstid er 3-11 dagar. 95 % har serokonvertert ila tre veker etter infeksjon (2). Antistoffpåvising har høg sensitivitet, men på grunn av kryssreaksjon med andre flavivirus, som denguefeber og gulfeber, er spesifisiteten begrensa. Ein kan altså gå ut frå at ei kvinne som er antistoff negativ seks veker etter eksposisjon ikkje har hatt Zikavirusinfeksjon.

 

Virus kan påvisast i blod med PCR i perioden 1-3 veker etter eksposisjon. Både virus PCR og antistoff vert analysert ved Folkehelseinstituttet. Det er laboratoriet som avgjer kva analyser som skal utførast. I rubrikk «Kliniske opplysninger» må ei føre på:

 

  1. Tidsrom for eksposisjon
  2. Om pasienten er vaksinert mot gulfeber eller denguefeber

 

 10 ml fullblod eller serum sendast til:

 

Folkehelseinstituttet, divisjon for smittevern, postboks 4404 Nydalen, 0403 Oslo. Tlf 21 07 70 00.

 

Dersom ein påviser Zikavirusinfeksjon i svangerskapet må ein vurdere å gjere amniocentese for å påvise ein eventuell føtal infeksjon.

 

Ved ultralyd av foster med intrauterin Zikavirusinfeksjon kan ein finne:

 

  1. BPD under 2,5 % (under to standardavvik)
  2. Forkalkingar i kvit substans (Figur 1)
  3. Atrofi av vermis, talamus og corpus calossum
  4. Forstørra cisterna magna og asymmetriske forhold intracranielt (3)

 

Det er viktig at ein erfaren lege eller jordmor gjer grundig gjennomgang av CNS-anatomien.

 

 

Figur 1: a) Transversalsnitt med unormal vermis (1) og kalsifisering i hjerneparenchym (2). b) Sagittalsnitt med dysgenesi av corpus calossum (3) og vermis (4). c) Coronarsnitt med vid fissur mellom hemisfærene (5) og bilaterale kalsifiseringar i parenchymet (6,7). d) Meir dorsalt coronarsnitt med kalsifiseringar i kvit substans (8) og nucleus caudatus (9).

Anamnese: Ein skal fatte mistanke om Zikavirusinfeksjon berre hos gravide som i løpet av svangerskapet har vore i område der Zikavirus er utbreidd. Vi tar imot kvinner til undersøking også dersom dei har blitt gravide i løpet av fyrste 8 veker etter opphald i risikoområde.

Symptomer/Klinikk: 80 % av Zikavirusinfeksjonar er asymptomatiske. Dei resterande kan få feber, makulopapuløst utslett, arthralgi eller nonpurulent konjunktivitt.

Behandling:Det fins ikkje kurativ behandling for zikavirus. Støttebehandling for mor kan vere aktuelt, herunder paracetamol og IV væske. Ved teikn på fosterskade før abortgrensa bør svangerksapsavbrot diskuterast.

Oppfølging:

1.   Alle gravide som i svangerskapet har opphalde seg i land der Zikavirus er utbreidd, skal ha time på føde pol innan 2 veker etter mottatt henvising.

2.   Ved fyrste kontroll gjer ein ultralyd og tar prøver til Folkehelseinstituttet.

3.   Ny kontroll seks veker etter siste eksponering, då ny ultralyd og nye antistoffprøver.

4.   Ny kontroll etter 2 veker, gjennomgang av prøvesvar og avsluttande ultralyd dersom negative antistoffprøver.

5.   Ved positive antistoffprøver: Ultralyd kontroll kvar 3-4 veke, vurder amniocentese for virus PCR.

6.   Hos gravide mellom veke 12 og 22 bør ein prioritere rask avklaring for å få all relevant informasjon på bordet innan veke 21+6 med tanke på svangerskapsavbrot.

Kilder/Referanser:

1.   WHO Zika virus situation report 31 March 2016

2.   Lessler JT, Ott CT, Carcelen AC, Konikoff JM, Williamson J, Bi Q et al. Times to key events in the course of Zika infection and their implications: a systematic review and pooled analysis [Submitted]. Bull World Health Organ E-pub: 1 Apr 2016.

3.   Physician Alert, UOG 2016;47:6-7