Fødselsangst

Fødselsangst v. 2.2, 02.05.2022

 

Fødselsangst - poliklinisk omsorg for gravide med alvorleg fødselsangst og/eller lett til moderat psykisk sjukdom ved fostermedisinsk poliklinikk.

 

Samtalejordmor si rolle

 

Kvinneklinkken har ved fostermedisinsk poliklinikk tilsett tre jordmødre i 20 % stilling for fødselsførebuande samtalar med gravide med alvorleg fødselsangst og/eller lett til moderat psykisk sjukdom. Kvinner med mild fødselsangst må av kapasitetshensyn følgast opp hos kommunejordmor. Jordmødrene har tilbod om å sende fødselsplan til sjukehuset, slik at den gravide sine behov er formidla til fødeavdeling før fødsel. Gravide med alvorleg psykisk sjukdom skal følgast av obstetrikar og psykiater i tett samarbeid, sjå eigen prosedyre KPHV - Kvinneklinikken: Gravide barselkvinner med alvorlig psykisk sykdom. Vi tilbyr inntil tre samtalar a 45 minutt med jordmor gjennom svangerskapet. Målet med samtalane er å redusere angst og uro gjennom grundig informasjon om forventa forløp av fødsel og utarbeide startegiar for å handtere eventuelle komplikasjoner og det uforutsigbare i fødsel. Samtalane skal vere individuelt tilpasse ut frå kvinna sitt fokus, døme på emne kan vere:

 

1.    Gjennomgang av evt tidlegare fødsel

2.    Grundig informasjon om forventa forløp av fødsel

3.    Smertelindrande tiltak

Samtalejordmor må sette seg godt inn i henvisinga frå primærhelsetenesta og informasjon frå tidlegare svangerskap/fødslar. Be evt om tilleggsinformasjon. Det er klokt å informer om tid til rådighet og rammer for oppfølgninga. Kvinna skal medverke i behandlinga, gjerne med partner, og ein må avklare forventingane til oppfølgninga. (Pasientrettighietslova kapittel 3) Det er klokt å oppfordre henne til å fortelle om sin situasjon. Vidare avklaring med åpne spørsmål, aktiv lytting og bekrefting verbalt og non verbalt. Prøv å skape ein konstruktiv prosess der kvinna/ paret er aktivt deltakande både i bearbeiding av tidlegare opplevingar og i å planlegge fødselen. Å skrive ned tidlegare opplevingar, og ønske for denne fødselen kan bidra i bearbeidinga og være utgangspunkt for en fødselsplan. Mange kvinner med fødselsangst har vore utsette for seksuelle overgrep. Vurder å stille åpne spørsmål om dette.  Lytt, og informer om korleis dette kan påverke graviditet og fødsel. Gje rettleiing om aktuell støtte og tiltak.

 

Meir alvorleg psykisk sjukdom

 

I nokre tilfelle vil ein under samtale om fødselsangst avdekke meir alvorleg psykisk sjukdom. I slike tilfelle skal seksjonsoverlegen ved fostermedisinsk poliklinikk handtere problemstillingaa vidare i samarbeid med psykiater, i tråd med gjeldande prosedyre KPHV - Kvinneklinikken: Gravide barselkvinner med alvorlig psykisk sykdom.

 

Sectio på indikasjon fødselsangst

 

Kvinner som presenterer ynskje om forløysing ved sectio der om det ikkje ligg føre somatisk indikasjon for dette, snakkar fyrst med jordmor for å kartlegge om hennar uro kan adresserast gjennom andre tiltak enn sectio. Dersom ein ikkje lykkast i å gjere henne trygg på å velje å føde vaginalt, skal ho henvisast til obstetrikar for vidare samtalar kring dette. Det er ikkje eit mål i seg sjølv for vår klinikk å redusere talet på sectio på denne indikasjonen, men forløysing med sectio er forbunde med auka risiko for alvorleg sjukdom hos mor og barn samanlikna med vaginal fødsel, det er derfor eit mål å gjere kvinner trygge nok til å velje å føde vaginalt der dette er eit alternativ. Det er viktig at kvinner som presenterer slike ynskje blir grundig informerte om pårekneleg risiko ved forløsying med sectio, herunder risiko for tromboembolisk sjukdom hos mor og auka risiko for astma hos barnet. Vi utfører ikkje sectio på indikasjon mors ynskje, dersom det er fødselsangst som er indikasjon for sectio, skal dette gå tydeleg fram av operasjonsbeskrivinga.

 

Induksjon av fødsel på indikasjon fødselsangst

 

Induksjon av fødsel vil ofte auka risiko for dei komplikasjonane kvinna er redd for, til dømes langvarig fødsel, smerter, operativ forløysing og stor blødning. I enkelte tilfelle kan imidlertid induksjon av fødsel tilføre eit element av kontroll som er avgjerande for at kvinna kjenner seg trygg fram mot fødsel Fødselsinduksjon (hos kvinner uten tidligere sectio). I slike tilfelle er det lege som bestemmer induksjon, og induksjon av fødsel på denne indikasjonen skal ikkje utførast tidlegare enn 39+3. Induksjon på denne indikasjonen skal leggast til perioden måndag-torsdag.

 

Samtale etter potensielt traumatisk fødsel

 

Når lege har vore involvert i forløysing skal denne alltid snakke gjennom forløysinga med kvinna. Dersom en ved denne samtalen avdekkar behov for ytterlegare samtalar, skal den aktuelle legen sette dette opp til seg sjølv. Kvinner som har ei traumatisk oppleving etter jordmorstyrt fødsel, går til ettersamtale hos kommunejordmor. Vi kan i slike tilfelle sende over all relevant informasjon til kommunejordmor.

 

Fødselsplan

 

Fødselsplan skal ligge i journalsystemet DIPS, og det skal stå eit notat i fødejournalsystemet Natus om at det er lagt ein fødselsplan og denne må lesast og følgast. Det skal stå i Natus kva dato notatet i Dips kan finnast.