Overvekt i svangerskap og fødsel v. 2.0

Prosedyre Kvinneklinikken SUS©

Forandringer er understreket.

 

Prekonsepsjonell rettleiing

1.   Alle med BMI over 30 bør få tilbod om pregetasjonell rettleiing i fyrstelinjetenesta

2.   Kartlegge komorbiditet:

a.   Diabetes

b.  Hypertensjon

c.   Tromboembolisk sjukdom

d.  Autoimmun sjukdom

e.   Hjerte- eller lungesjukdom

3.   Kosthaldsrettleiing, vektkontroll og optimal behandling av eventuell komorbiditet reduserer risiko for komplikasjonar i svangerskapet.

Pregravid kroppsmasseindeks (BMI)

BMI

WHO klassifikasjon

Anbefalt vektauke i svangerskapet

Under 18,5

Undervektig

13-18 kg

18,5-24,9

Normalvektig

10-15 kg

25-29,9

Overvektig

8-10 kg

30-34,9

Fedme klasse I

6-9 kg

35-39,9

Fedme klasse II

6-9 kg

Over 40

Fedme klasse III

6-9 kg

 

Oppfølging i svangerskapet

1.   Gravide med prekonsepsjonell BMI under 35 skal følgast i primærhelsetenesta, uavhengig av vektauke i svangerskapet.

2.   Gravide med prekonsepsjonell BMI 35-39,9 skal ha ein kontroll i fostermedisinsk poliklinikk kring veke 36:

a.   Vekstkontroll

b.  Hypertensjon / diabetes

c.   Tidlegare obstetrisk historie

d.  Informasjon om fødsel på fødeavdeling og innlegging av to venefloner ved innkomst.

e.   Legge fødselsplan og dokumentere denne i DIPS

3.   Gravide med prekonsepsjonell BMI over 40 og gravide med prekonsepsjonell BMI 35-39,9 samt relevant komorbiditet, skal få lagt ein plan for oppfølging i svangerskap i samband med tidleg ultralyd i veke 12. Denne planen skal minimum innehalde:

a.   UL Screening i veke 18

b.  Vurdering ved anestesilege kring veke 30:

                                         i.    Vurdering av utfordringar ved sikring av fri luftveg

                                       ii.    Vurdering av utfordringar ved sikring av intravenøt tilgang

                                      iii.    Vurdering av utfordringar ved regional anestesi

                                      iv.    Anestesilege dokumenterer fødselsplan i DIPS

c.   Vekstkontroll og plan for fødsel i fostermedisinsk poliklinikk kring veke 32

d.  Vekstkontroll i fostermedisinsk poliklinikk kring veke 36

 

4.   Relevant komorbiditet i punkt 3 er:

a.   Diabetes

b.  Hypertensjon

c.   Tromboembolisk sjukdom

d.  Autoimmun sjukdom

e.   Hjerte- eller lungesjukdom

f.    Vektauke på meir enn 20 kg ila svangerskapet

Oppfølging i fødsel, kvinner med BMI over 35

1.   Gynekolog og anestesilege skal informerast ved innlegging.

2.   To intravenøse tilgangar og antistoffkontroll (B-Bank) ved start av fødselen.

3.   Vurder tidlig anlegging av epiduralkateter. Anestesilege kan evt aktivere epiduralen på eit seinare tidspunkt.

4.   Tidleg tilkalling av lege ved avvik i fødselsforløpet. Anestesilege bør òg få tidleg beskjed ved problem, etter gynekologen si vurdering.

5.   Fosterovervakning: Elektronisk fosterovervakning, tidleg amniotomi og skalpelektrode.

6.   Auka distribusjonsvolum for oksytocin kan i nokre tilfelle gje behov for auka dosar utover 180 ml/t. Dette må berre skje med varsemd og nøye overvaking av rifrekvens, og berre etter forordning av overlege.

7.   Auka risiko for skulderdystoci. Ha ekstra personell i beredskap ved fødsel.

8.   Auka risiko for postpartumblødning ved høg BMI. Aktiv handsaming av tredje fase av fødselen.

Sectio

1.   Narkose medfører auka risiko ved sikring av fri luftvei ved adipositas.

2.   Regional anestesi der det er muleg.

3.   Risiko for akutt keisersnitt aukar med aukande BMI. I utgangspunktet bør ein sikte mot vaginal fødsel, sjølv ved svært høg BMI (> 45-50). I følge upubliserte data frå Medisinsk fødselsregister føder 60 % av fyrstegongsfødande med BMI>45 vaginalt.

4.   Vurder arteriekran preoperativt.

5.   Vurder indikasjon for vidare overvaking på postoperativ avdeling.

6.   Antibiotikaprofylakse ved BMI >30 både ved akutt og elektivt sectio. Antibiotikaprofylakse KK(Sectio (akutt/elektivt))

7.   Vurder PICO bandasje etter sectio ved pregravid BMI>40 kg/m2.

8.   Vurder å lukke Scarpas fascie (subkutane suturar) for å unngå potensielt spatium subkutant.

Barseltid

1.   Rask mobilisering og støttestrømper

2.   Auka risiko for blødning post partum

3.   Auka risiko for trombose. Sjå gjeldande prosedyrer Tromboseprofylakse post partum Tromboseprofylakse post partum Excelkalkulator (Ikke tilgjengelig).

4.   Auka risiko for ammeproblem. Viktig med god hjelp og rettleiing i ammeperioden.

Oppfølging av gravide etter fedmekirurgi sjå Graviditet etter bariatrisk kirurgi