Oppfølging i svangerskapet:
Gestasjonell diabetes:
Gravide som har fått gjort Roux-en-Y gastisk bypass har risiko for gestasjonell diabetes på nivå med bakgrunnspopulasjonen. Dei skal testast etter vanlege retningslinjer Diabetes/ glukosuri i svangerskapet. Peroral glukosebelasting kan vere eit problem på grunn av dumping, eigenmåling av s-glukose x 5 per dag i ei veke kan vere eit alternativ.
Indre herniering:
Indre herniering beskriv ein tilstand der tynntarm hernierer gjennom opningar i krøs som oppstår som følge av kirurgi. Tilstanden er potensielt alvorleg, og ein skal ha låg terskel for å henvise gravide som har fått gjort Roux-en-Y gastisk bypass til kirurgisk tilsyn viss dei utviklar uspesifikke magesmerter i svangerskapet.
Forløysing:
Roux-en-Y gastisk bypass er i seg sjølv ikkje ein kontraindikasjon mot vaginal fødsel og vi anbefaler dette med mindre andre hansyn skulle tilseie noko anna.
Kilder/Referanser:
Johansson et al: "Outcomes of Pregnancy after Bariatric Surgery" N Engl J Med 2015;372:814-24.
Parent et al: "Bariatric Surgery inWomen of Childbearing Age, Timing Between an Operation and Birth, and Associated Perinatal Complications" JAMA Surg. doi:10.1001/jamasurg.2016.3621
Forfatter: |
Ragnar Kvie Sande (Seksjonsoverlege) |
---|---|
Godkjent av: |
Astrid Louise Betten Rygh (Avd.overlege) |
Dokumentadministrator: | Ragnar Kvie Sande (Seksjonsoverlege) |
Dokument-ID: | 34894 |
Gyldig fra: | 03.05.2022 |
Revisjonsfrist: | 02.05.2024 |
Revidert for å samsvare med prosedyre for Doppler i arteria uterina.